På grunn av høg arbeidsløyse har Hareid kommune fått ei statleg ekstraløyving, tiltakspakke II, på vel 2,8 millionar kroner. Dette er pengar som i første rekke er tenkt til å sysselsetje folk som er utan arbeid, med vedlikehald og reparasjonar på kommunale bygg.

Til formannskapsmøtet måndag låg det føre ei liste frå rådmannen over kva tiltak som burde prioriterast. Blant tiltaka er heis ved Hadartun til 250.000 kroner, universell tilkomst ved Hareid ungdomsskule, 300.000 kroner, toalett ved ungdomsklubben 100.000 kroner, sanitærhus ved Ovrasanden 100.000 kroner. Hareid rådhus står oppført med 130.000 kroner.

Framstegsparti-politikar Jeanette Teigene var den første til å ta ordet. Ho meinte det var vanskeleg å gjennomføre ei god vurdering av kva tiltak som var viktigast å prioritere. Til det var skildringane i dei kommunale sakspapira altfor mangelfulle.

– Eg lurer blant mykje anna på kva dei 24 dørene i Hareidhallen er for noko, og kvifor det trengst nytt autovern ved Bigset barnehage, sa Teigene.

For få tilsette

Då rådmannen vart oppmoda om å forklare seg litt nærare om dei ulike postane, gav ho ordet vidare til avdelingsleiar for plan- og utvikling, Kai-Rune Bjørke, som no også er konstituert kommunalsjef kommunalteknikk.

– Viss de synest dette ser ut som hastverksarbeid, så er det heilt rett. Vi har rett og slett ikkje hatt kapasitet til å gjere ein grundig nok jobb, beklaga han.

Teknisk sektor i Hareid kommune har sidan oktober i fjor av ulike årsaker hatt mangelfull besetning, men rådmannen har likevel freista å fordele og prioritere etter beste evne mellom sektorar som får nytte av tiltaka.

Kristian Fuglseth (Folkelista) meinte at nokre dører ved Bigset skule var i mykje dårlegare forfatning enn dørene ved rådhuset som var foreslått reparert/bytta ut ved rådhuset.

– Rådhuset fekk 2,5 mill. sist, og no bør det visast magemål i høve til andre, sa Fuglseth. Han kom med endringsframlegg, men dette vart nedstemt med ordføraren si dobbeltrøyst.

Jeanette Teigene bad om at medlemene får tilsendt naudsynt informasjon i god tid før saka skal til kommunestyret.