Terrengløpet har blitt arrangert heilt sidan 60-talet, og er eitt av dei store arrangementa Hjørungavåg IL står for i løpet av året. Det andre er Melshornet Opp i september, fjelløpet som vart starta opp i samband med jubileumsåret til Hjørungavåg IL i 2015.

Det er trimgruppa i Hjørungavåg IL som står som arrangørar for Jomsløpet. Terrengløpet er ope for barn og unge, og det er to distansar som blir gjennomført.

Dei yngste deltakarane, inkludert rekrutt-klassa spring 400 meter i terrenget, medan dei eldste skal ut på ei løype på 800 meter. Løpet blir arrangert i området rundt Hjørungavåg skule.

Det er ordførar i Hareid, Anders Riise, som skal stå for utdeling av medaljar til deltakarane.