Han klarte ikkje å få tak i "Juvel", men no varslar Stig Remøy og Rimfrost at dei planlegg bygging av eit nytt krillfartøy.

Stig Remøy seier til Vestlandsnytt at  dei kjem til å teikne kontrakt på eit nybygg i 2017.

Rimfrost gjekk torsdag ut med planane for ei nysatsing på fartøysida. Det skjedde etter at det vart kjent at Aker Biomarines har fått tilslaget på å kjøpe den konkursråka krillbåten "Juvel".

- Vi opplever aukande global etterspurnad etter krillolje til humant konsum, seier han vidare til Vestlandsnytt.

Etter nokre krevjande år for heile den globale krillindustrien er det no ei betring i sikte, slår Stig Remøy fast.