I år har eg svikta. I fjor også.

Utgangspunktet er enkelt. Eg elskar å vere ute på tur. Får ikkje nok av dei tunge motbakkane med ski på beina, og ikkje minst dei herlege nedturane med laussnø til langt over knea og vinden som suser forbi øyra.

Men i år har eg svikta. Og i fjor. For skia har ikkje kjent snø under solane. Det har ikkje skjedd, vel, sidan i fjor, men før den tid kan eg faktisk ikkje hugse sist eg var så håplaus i løpet av ein vinter.

Unnskyldninga er ikkje fantastisk, men det har blitt mange helgar den anten jobb eller handball har teke såpass med tid at det har hindra meg frå å reise vekk på ski. Som i januar, då eg hadde planar om ei langhelg på Kvitfjell, men måtte avlyse grunna engasjement på andre arenaer.

Vanlegvis er også påska høgtid for skiturane i høgda, anten på pudder, skare eller påskeslush. Då konkurrerer gjerne høgdemetrane med brilleskiljet, men heller ikkje påska vart forløysande denne sesongen. Sjukdom på veg inn i påska og lei hoste gjennom heile påskeveka førte til rolege dagar heller enn tunge tak oppover fjellsidene, og endå ein sjanse gjekk frå meg.

No treng ikkje sesongen vere over heilt endå. Eller, kanskje treng ikkje siste sjanse til å starte sesongen ha passert endå. Snøen har jo vore ein uventa gjest sjølv i låglandet den siste tida, og dette har auka moglegheitene for seine fjellturar med ski på beina mange stadar.

Men kanskje er det ikkje det som er hovudpoenget. Om ein kjem seg på ski eller ikkje denne sesongen får kanskje berre vere. Poenget er at ein ikkje har vore flink nok til å kome seg ut, til å utnytte den tilgangen på natur som vi har nærast like utanfor husdøra.

Dei siste åra har eg i større grad søkt vekk frå det kjende på Sunnmøre. Fjellturar i Jotunheimen, gåturar på Finse, villmarksturar til Femundsmarka og fototurar til Island.

Men desse turane fører gjerne med seg ein del ekstraarbeid, både når det gjeld planlegging og spesielt med tanke på kor lang tid det tek å kome seg ut på tur. Det er noko anna når ein kan snøre på seg skoa i eigen gang, og gå rett ut turterrenget. Eller i verste fall må køyre ein times tid for å finne fram til noko av det mest spektakulære det norske landskapet har å by på.

Kanskje er det dermed det som må vere målet. Å kome seg meir ut i det nære, legge igjen meir av skosolane i heimlege trakter. Bruke mindre tid på å planlegge og meir tid på å gjere. Meir tid på å puste.

For det er ikkje mykje som slår kjensla av å vere heilt åleine på ein fjelltopp, på ein bergknaus ute ved havet, eller å vakne til ein lett bris som stryk over teltduken, som for å seie frå om at dagen har starta.

Heldigvis bur vi slik til på Sunnmøre at ein kan gjere det meste ein har lyst til innan friluftsliv utan at det treng om å ta for mykje tid eller krefter. Så var det berre å kome på det, og ikkje tenkje for mykje på alt anna ein kunne ha gjort, skulle ha gjort eller i det minste burde ha gjort.

Så får ein heller prøve å få det til. Kanskje allereie i dag. Med eller utan ski på beina.