Saman med medstudentane Marte Alvestad Håskjold frå Ålesund og Rebekka Fjørtoft Myklebust frå Sula driv hareidsdølingen Gaute Hermansen studentbedrifta Meltwire SB.

- Vi er veldig glade og stolte av å ha vunne beste studentbedrift. Vi meiner vi har ein veldig god idé, som er med på å løyse eit svært alvorleg og stort problem i dagens samfunn. Vi ser fram til og gler oss til å delta i NM i Oslo 6. og 7. Juni, seier Hermansen i ei pressemelding.

Trioen ønskjer å takke Ungt Entreprenørskap og Start Ålesund for eit flott arrangement, og for at dei fekk moglegheita til å vise fram ideen sin.

Vil smelte om plasten

Ideen til Meltwire er like enkel som den er genial.

- Vi tek plastavfall frå lokal industri og forlengjer livssyklusen til plasten. Per i dag blir rundt rekna 80 prosent av plastavfallet sendt til Tyskland eller Sverige. Sidan vi hentar plastavfallet lokalt sparar vi miljøet både for store mengder CO2-utslepp, samstundes som vi tek ny nytte av plasten. Vi nyttar plastavfallet og smeltar dette om til ein tråd som igjen blir nytta til å lage 3D-modellar i 3D-printarar, seier Hermansen.

Dei andre nominerte bedriftene var Kelp SB og AgriMare Bio SB.