–Vi har bestilt fint ver, ler Annika Brandal ved kulturkontoret. Saman med kollega Kristine Brungot er ho i ferd med å legge siste hand på programmet for det som tidlegare heitte Ulsteindagane.

Kjende namn

Bloggaren Sophie Elise, komikaren Ørjan Burøe og artisten Eva Weel Skram er dei mest kjende namna på programmet.Sophie Elise skal ha make up-kurs på Amfi laurdag 10. juni. Skram har konsert på Sjøborg torsdag 8., medan Burøe stiller med stand up-showet «Fordommer» i festivalteltet fredag 9. juni.

Lokale namn

Programmet har også mange lokale namn. Onsdag 7. juni i Ulstein kyrkje med eit arrangement kalla Smak av Mannskor. Vidare skal Stig Ulv ha konsert i kyrkja laurdagen, før Bakarbandet og OldPlay spelar til dans i festivalteltet.

Blomster

Fredag 16. og laurdag 17. juni vert det Sommarmarknad i festivalteltet. Der skal det også arrangerast distriktsmeisterskap i blomsterdekorasjon laurdagen.

–Vi reknar med at det vert mellom ti og femten frå heile Møre og Romsdal som skal konkurrere om tittelen distriksmeister, fortel Åslaug Nevstad Hildre i Møre og Romsdal Blomsterhandlerforening.

Filmar

Ei rekkje filmar har premiere desse dagane: «Kaptein Supertruse, Den første episke filmen» , «The Mummy», «Siste kveld med jentene» og «Wonder Woman».

Sjøborg

Sjøborg Kulturhus vart opna i juni 2007. Frå onsdag 14. til søndag 18. juni skal det difor feirast at kulturhuset er ti år. Då vert det filmpremierar og konsert med elevar frå kulturskulen.

Laurdagskvelden er det todelt jubileumskonsert: i første avdeling er det lokale aktørar som Rune Ertesvåg, Ståle Rasmussen, Øyvin Sønnesyn, Leiv-Arne Nydal, Olav Grimstad Arnese, Kaja Rode og Ragnhild Øvrebøe.  I andre avdeling stiller Ulf og HDU med opersongaren Thomas Ruud. Også lokale soliistar som Torill Vågen Vattøy og Ann Cesilie Skundberg skal vere med.

Siste dag, søndag 18. juni, byr lokale aktørar på «Cohen på Sjøborg».

Vil ha innspel

Sjølv om mykje er på plass, kan det dukke opp meir på programmet.

–Vi trur at programmet vil fenge folk i alle aldrar, seier Kristine Brungot. Ho reknar med at det kjem fleire arrangement og aktivitetar på programmet etter kvart.

–Lag og organisasjonar som har lyst til å vere med på ein eller annan måte, er hjarteleg velkomne til å ta kontakt med oss på kulturkontoret, seier Brungot.