I årsrapporten for Ulstein kommune 2016 skriv ulsteinordførar Knut Erik Engh at fokuset i 2016 var knytt til kommunereforma.

– Eg beklagar at vi ikkje kom i mål med dette arbeidet, men er på same tid glad for at vi har lært naboane våre betre å kjenne, og at arbeidet har styrka kunnskapen og bevisstheita om kva rolle Ulstein kommune speler i regionen, skriv han. Han meiner det ikkje er tvil om at Ulsteinvik er ein viktig motor for utviklinga på Sunnmøre, men Ulstein er ikkje den einaste motoren. Kommunane er gjensidig avhengige av kvarandre.

Han er overtydd om at me innan ti år har langt færre kommunar enn i dag, då ein alt samarbeider innan fleire felt og leverer ein del tenester i lag.