Ulstein Arena har vore den store investeringssaka i 2016, heiter det i årsmeldinga. Dagleg leiar i selskapet, Rune Urke, listar opp desse utfordringane:

-Delar av tomta har hatt dårleg fjell

-Problem med å tilpasse glasfasadane i symjehallen

-Manglande samarbeid og koordinering har ført til forseinkingar i byggeprosessen.

-Entreprenørar og konsulentar har skulda på kvarandre

-Hammerø og Storvik AS har hatt ansvar for byggeleiing og har hatt ein stri tørn med å koordinere og svare på avviksmeldingar frå entreprenørar

-Timeforbruket til arkitektar og byggekonsulentar har vore langt høgare enn det dei sjølv har estimert

Formannskapet

I dag, måndag, står årsmeldinga frå Ulstein Eigedomsselskap på saklista når formannskapet i Ulstein møtest.

Som sistesak skal politikarane også behandle sak som gjeld auka ramme, eller meir pengar, til Ulstein Arena.

Den saka ønskjer administrasjonen i kommunen å stenge for innsyn.