Då kommunalsjef Anita Sundnes fekk kjennskap til at Nils Roar Hareide meinte at dei små klumpane på Osnessanden stamma frå reinseanlegget på Halsen, bad ho teknisk vakt undersøke om det kunne vere lekkasje frå reinseanlegget.

No har han gjort det. Og han fann ikkje feil på reinseanlegget som kan ha ført til utslepp. Han sjeka også overløpet, og det kan ikkje ha gått ut noko derifrå siste veka.

- Etter det han kan sjå kjem det ikkje noko derifrå, slår Sundnes fast.

Ulstein kommune vil ha eit møte måndag for å sjekke opp saka nærare.

Anita Sundnes trur ikkje utsleppet kjem frå reinseanlegget. (arkivfoto)