I eit skriv til Vikebladet Vestposten kjem ordførar Knut Erik Engh med grunngjevinga kring kvifor saka om Arena Ulstein-overskridingane blir lukka.

Engh fortel at han og fleire av dei andre folkevalde i Ulstein kommune stadig får innspel og kritikk frå innbyggjarane i kommunen kring kvifor dei vel å halde saka om overskridingane på Arena Ulstein unnateke offentlegheit. Ordføraren fortel til Vikebladet Vestposten at han forstår spørsmålet og kritikken, og ønskjer å grunngje kvifor politikarane vel denne løysinga.

- Vikebladet har tidlegare (1. april) skrive ein artikkel om saka etter ei orientering frå administrasjonen til kommunestyret. Under denne presentasjonen vart det slått fast at ein varsla overskridingar på til saman 44,6 millionar, inkludert opphaveleg reserve. Delar av dette var pårekna, og delar av dette var ikkje pårekna. Samla krav og usikre postar, som til dømes usikkerheit kring full momskompensasjon, utgjer per idag ein samla kostnad på rundt 300 millionar kroner for anlegget som fram til no har hatt ei investeringsramme på 268 millionar kroner, seier Engh og held fram:

- Eg seier "rundt 300 millionar" fordi ein del ting ligg utanfor vår kontroll som til dømes samla momskompensasjon som vi ikkje veit kvar endar, men som vi har eit estimat på. Eg legg ikkje skjul på at eg synest meirkostnadane er uheldige og trasige, men er samtidig oppteken av at vi skal lose prosjektet i hamn på ein best mogleg måte slik at rekninga for innbyggarane våre vert lågast råd.

Krevjande grunnarbeid og kontraktsfesta prisstiging

Vidare skriv Engh at delar av ekstrakostnadane skuldast kostnadar knytt til krevjande grunnarbeid, kontraktfesta prisstigning og mindre justeringar som slett ikkje er uvanleg i eit byggeprosjekt.

- Det er også grunnen til at ein set av reservar, i dette tilfellet 18 millionar kroner, som var inkludert i ramma på 268 millionar. Andre delar av krava skuldast tilleggsbestillingar som kommunen sjølv har gjort undervegs, men også at vesentlege deler av leveransen som burde vore med i anbodet av ulike grunnar ikkje er det. Som tidlegare nemnt er det også usikkerheit kring inntektsida knytt til momsen, seier Engh og legg til:

- Det er også ein betydelig avstand mellom det kommunen har budsjettert til prosjektering og det samla kravet prosjekteringsgruppa har levert.

Så kvifor kan ein ikkje halde denne saka opa for publikum? Svaret er enkelt ifølgje Engh;

- Vi meiner at kommunen ikkje kan stillast til ansvar for alle dei krava som vi har fått frå våre motpartar. Difor skal vi gå i forhandlingar, og difor ville det vere svært dumt av kommunen å blottlegge seg både med omsyn til strategi og offentleggjering av ny investeringsramme. Slikt gjer ein ikkje i privat næringsliv, og slik gjer ein heller ikkje i det offentlege når det handlar om å ivareta eigne (og innbyggjarane sine) økonomiske interesser. Når forhandlingane er avslutta og støvet har lagt seg vil innbyggarane i Ulstein få kjennskap til fleire detaljar. Inntil då er det berre å smørje seg med tolmod, seier Knut Erik Engh avslutningsvis.