Banken som har vore til stades innom Eiksundsambandet i 165 år har dei siste 10 åra også vore til stades i Ulsteinvik. I Ørsta har banken kring 70 prosent av marknaden.

Regionbanksjef Lillian Breivik fortel at Ytre Søre, hovudsakleg Ulstein og Herøy, er område banken ser på som gode område for vidare vekst.

– Det at vi er ein stor og tung aktør i Ørsta og Volda gjer at vi kan vekse her ute. Vi har vore i Ulstein i 10 år, og Herøy i 8 år. Potensialet her ute er veldig bra, og vi har fått godt fotfeste, seier Breivik.

Historisk god april-månad

Nyleg kunne Sparebank 1 Søre Sunnmøre presentere tala for første kvartal i år. Der kom det mellom anna fram at banken totalt sett oppnådde eit konsernresultat på 21,6 millionar kroner samanlikna med 9 millionar i same perioden i fjor. Det viser seg også at det både har vore framgang og tilbakegang på ulike område banken opererer innan.

– Dei siste 12 månadene viser ein vekst på 7 prosent i utlån til personmarknaden, medan vi ser at det på same tida har vore ein tilbakegang i utlån til bedriftsmarknaden med 17 prosent. Dette grunna reduksjon i store engasjement og syndikat, som har vore ein bevisst strategi, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

For Ytre Søre har det i tillegg vore ein historisk god april-månad, fortel regionbanksjefen.

– Det har vore den beste månaden vår på ti år, sidan vi starta opp i Ulsteinvik. Det er veldig bra, seier Lillian Breivik og legg til:

– Vi har om lag 80 prosent privatkundar og 20 prosent bedriftskundar. Vi ser at mange av kundane våre, fleire av dei nye, ønskjer å samle alt på ein stad. Dette bidreg også til vekst for oss.

Nye lokale tilsette gav vekst

Lillian Breivik meiner at tilsetjinga av nye, lokale tilsette, har gitt god effekt for lokalbanken.

– Det er det inga tvil om. Vi ser at relasjonane er viktigare enn kva for bank dei enkelte jobbar for. Det handlar om at ein har nokon ein kan snakke med, nokon ein kan fortru seg til, anten ein har det tøft eller om ein ønskjer å gjere noko annleis med pengane sine. Vi ser at tilsetjingane vi har gjort den siste tida, med tanke på dei gode, lokale relasjonane, viser seg å gje positive utslag når vi ser på resultata etter første kvartal, seier Breivik.

– Jobbar meir rett

Tre lokale har blitt tilsett så langt i år, der to av dei kjem på plass til sommaren.

– Med fleire lokale tilsette, så jobbar vi meir rett. Det er viktig for oss, både når det gjeld privat- og bedriftsmarknaden, at vi har tilsette som kjenner området godt, seier Lillian Breivik.

Rådgjevarar i ei tøff tid

Banken leverer godt trass i dei tøffe tidene i regionen, og regionbanksjef Breivik meiner at nettopp det med rådgjevarfunksjonen er viktig for banken i desse tider.

– Det er noko anna å snakke med ein rådgjevar i banken enn å trykke seg inn på nettet.

Lillian Breivik fortel at ho og kollegaene ser at det byrjar å lysne opp litt i marknaden no, og at investeringsviljen byrjar å hente seg opp att.

– Det har vore eit par år no der folk har blitt sitjande på gjerdet og vente litt, grunna frykta for å bli permitterte eller oppsagde. No ser vi litt meir positivitet i marknaden, der stadig fleire kjøper seg bustad igjen. Det er meir aktivitet i den marknaden igjen, noko som heilt sikkert har ein viss samanheng med at verfta har bra med arbeid framover. Lat oss håpe at det held fram slik, seier ho.