- Takk til den som har levert redningsbøya tilbake. Sjølv om vi helst hadde sett at vi slapp meirarbeidet med å leite etter bøya og montere den igjen, er det viktigaste at den er heil og på plass igjen, skriv Annika Brandal, leiar i Brandal Vel, til Vikebladet Vestposten.

Det var i 2014 at Brandal Vel plasserte ut to nye redningsbøyer på Kvitneset. Kvitneset er mykje i bruk, både av bygdefolk og andre besøkande, og velforeininga ser på det som viktig at det er trygt å vere på Kvitneset.

- Berga kan vere glatte og båra stor. Er ulukka ute, kan redningsbøya vere svært avgjerande for å bli berga, seier Annika Brandal.

Diverre opplever velforeininga at spesielt den eine bøya blir herja med, og i løpet av siste månaden hadde denne diverre blitt fjerna frå berget.

No har altså bøya kome på plass igjen, til stor glede for mange.