Det er Søre Sunnmøre tingrett som har dømt mannen, og i tillegg til fengselsstraffa må han også betale ei oppreisingserstatning på 175.000 kroner til den fornærma jenta, som var berre ti år då overgrepa starta.

Mannen og jenta har ein familierelasjon til kvarandre. Seksualovergrepa har skjedd i perioden 2011 til og med 2015, i periodar heile fire-fem gongar i veka.

Tingretten har konkludert med at det er snakk om minst 400 overgrep.

Overgrepa har funne stad både heime og i ein bustad ein annan plass i landet.

I november 2016 fortalde jenta om overgrepa til ei helsesøster, og etter det har etterforsking og domfelling gått forholdsvis raskt.

Tilstod i første avhøyr

Allereie i det første politiavhøyret erkjente mannen straffeskuld, og sjølv om retten ikkje har funne formildande omstende i saka, har han fått litt strafferabatt for den raske tilståinga. Det gjorde at jenta slapp å kjempe for å bli trudd.

Men tingretten meiner det er straffeskjerpande både at jenta var i ein spesielt sårbar situasjon, og  at dei hadde ein familiemessig relasjon.