Det var Framtida.no (Ekstern lenkje) som først skreiv om saka der Sunnmøre Mållag reagerer på namnevalet til NRK.

– Det er berre naturleg at ein fotballklubb i Ulsteinvik brukar Heimebane og ikkje Hjemmebane. Det er ingen på Søre Sunnmøre som seier hjemmebane, seier Magnar Storøy, leiar i Sunnmøre Mållag, til nettstaden.

Sunnmøre Mållag grunngir reaksjonen sin med at både Ulstein kommune og Hødd nyttar nynorsk. Det er nok ikkje alle som veit at Hødd faktisk fekk Målblomen i 2013 frå det lokale mållaget.

Storøy håpar NRK endrar tittelen i god tid før TV-sjåarane kring om i Noreg blir kjent med det fiktive fotballaget Varg.

– Det handlar om identitet, og sidan det skal vere herifrå området er det naturleg med tittelen Heimebane. NRK bør ta omsyn til kvar dei filmar, slik at dei brukar nynorsk i titlar og stadnamn, meiner Magnar Storøy.

– Litt dumt å kritisere NRK

Framtida.no har også vore i prat med Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp), som også er oppteken av nynorsk og språkleg identitet, men som ikkje meiner tittelen er eit stort problem.

– Eg synest generelt at NRK er flinke til å ta vare på nynorsken og lage nynorske produksjonar, så det vert litt dumt å kritisere dei for at denne serien ikkje er på nynorsk, seier Engh.

Engh seier likevel at det hadde vore positivt om NRK endra tittelen til "Heimebane".

Her gir Vikebladet Vestposten-redaktør Linda Eikrem gult kort til produksjonsteamet for å kalle serien for "Hjemmebane".