Det skjer mykje på friidrettsfronten for tida, og sundag er det klart for Hadarleikar på Hareid stadion.

Der blir det konkurrert frå dei yngste rekruttane og heilt opp til seniorklasser.

Dei yngste konkurrerer i 60 meter, lengde og liten ball, medan det for dei eldre utøvarane er både 100 meter, hekkeløp, høgde og spyd på programmet.