Etter to månadar heilt på det jamne, der det vart omsett 62 eigedomar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande både i mars og april, ser ein ei positiv utvikling i mai.

I løpet av den siste månaden vart det nemleg gjennomført 76 eigedomsstransaksjonar i desse fire kommunane, ein auke på 14 frå dei to føregåande månadane.

Likevel gjekk ein litt tilbake i Sande kommune. Etter at det var ni omsette eigedomar i april, er ein nede i sju i mai.

Herøy har vore den kommunen på ytre Søre med klart størst aktivitet så langt i år, og frå april til mai går også talet på eigedomstransaksjonar opp frå 27 til 31.

Ulstein går også litt fram, frå 17 til 21 omsette eigedomar i mai. Hareid har den klart mest positive utviklinga i mai. Etter at det var registrert ni eigedomstransaksjonar i april er ein no oppe i 17 i mai.

Forklaring til kartet:  Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.