Soknepresten i Ulstein har via Statsministerens kontor sendt brev til statsminister Erna Solberg med oppmoding om at ho donerer ein kjole til kjolerullinga som ei K-gruppe i Ulsteinvik arrangerer på Fredheim komande laurdag.

Til no har dei fått inn over 200 kjolar, men ønskjer seg altså ein frå statsminister Erna Solberg også.

- Ny kyrkje i ei av landets mest utsette kommunar

Holte startar brevet slik:

Kjære Statsminister Erna Solberg

De får sikkert mange ulike førespurnader, og dette er nok ein av dei meir uvanlege. Her i vår kommune prøver vi å få

til å reise ei kyrkje i ei av landets meste utsette kommuner med omsyn til oljekrisa og med høg kommunegjeld. Difor lagar vi ulike happeningar for å mobilisere eit breitt folkeleg engasjement. Vi har over 100 faste gjevarar som gjev eit fast beløp i månad til saka. I tillegg skjer det ulike konsertar og happenings for å samle inn pengar. No har 72 kvinner gått i hop og laga kjolerulling for Ulstein nye kyrkje. Vi deler brukte kjolar, og inntekta går til Ulstein Nye kyrkje Så vi lurer på om Statsministeren vil støtte dugnaden vår og beære oss med ein kjole som berre heng i skapet som vi kan

auksjonere bort til eit godt formål?

Soknepresten avrundar brevet med å skrive at det  ville vore ei stor ære og glede om statsministeren ville bidra, og at gruppa  også har andre kunstnarar og kjendisar som har sagt ja til å vere med på kjolerullinga.

Kjolerulling:

Sokneprest Margit Lovise Holte i Ulstein har sendt ei spesiell oppmoding til statsminister Erna Solberg. (Arkivfoto). Foto: Ingvild Aursøy Måseide