Ulstein formannskap valde å slutte seg til tilrådinga frå teknisk utval og ber administrasjonen jobbe vidare med prosjektet i tråd med bestillingane frå teknisk utval.

Rådmannen føreslo førre veke at kommunen byggjer ny brannstasjon på parkeringsplassen mellom Sjøgata, småbåthamna og Gullblokka til Rolls-Royce. Men det meinte teknisk utval var ei dårleg løysing. Dei vedtok samrøystes at dei støtta planane om ny brannstasjon, og at dette er noko kommunen må finne pengar til, men dei meinte kommunen burde bruke betre tid på finne ei god plassering. Dei burde ikkje la seg stresse av tidsfristen frå Arbeidstilsynet.

Ordførar Knut Erik Engh (FRP) ville lytte på teknisk utval. Renathe Rossi-Kaldhol (Ap) meinte det er viktig å sjå på heilskapen, er det heldig for byutviklinga å plassere ein brannstasjon der? Tor Meinseth (H) såg gjerne at det vart bygt brannstasjon i Saunesmarka. Pål Grødahl (V) støtta først tilrådinga frå rådmannen, for han var bekymra for tidsplanen. Men etter Arne Runar Vik hadde tatt til orde for at det går greitt, slutta han seg til resten av formannskapet.