Dei yngste dansarane var seks år gamle, dei eldste 20. Alle går på kulturskulane i Ulstein og Hareid, og alle har fått undervisning av Penny Jackson Indreflø. Ho har undervist i dans og ballett på Hareidlandet sidan 1986, og det vandrar no rundt ein stor skare med folk som har fått innføring i dans av nettopp henne.

Nokre har blitt profesjonelle dansarar eller dansepedagogar, men dei fleste har enda opp i heilt andre yrke. Men dansen har heilt sikkert gitt dei glede over å bruke kroppen, kjenne rytma og gleda av å svinge seg.

Framsyninga søndag viste ei stor breidde. Der valt alt frå Svanesjøen til streetdance, jazzballett og Shake.

Etter framsyninga takka Penny Jackson Indreflø både dørvaktene, lysmeisteren, Natalie Lillerovde (instruksjon) og Turid Mette Dimmen ved Ulstein kulturskule. Sistnemnde har blant anna vore med på å sy og tilpasse kostyme.

– Du er krumtappen

Men også Jackson Indreflø fekk takk. Både frå musikklærar Tord Espelid og Robert Skeide, rektorvikar ved Ulstein Kulturskule, som også takka frå Hareid musikk- og kulturskule.

Du er krumtappen i denne oppsetjinga. Du er tolmodig, inspirerande og har heile tida elevane i fokuset. Tusen takk for alt du gjer for elevane og borna i kulturskulane våre, sa Skeide.

Innlevering av kostyme

Snart tek kulturskulane ferie, men først skal kostyma samlast inn.

Penny Jackson Indreflø fortel at det etter kvart har blitt eit stort kostymelager.

Eg tenkjer dans, koreografi og kostyme heile året. Og vi har blitt flinke til å sy om også, smiler ho.

Anne Gry Eilertsen

anne.gry@vikebladet.no