Kulturkontoret stod blant anna ansvarlege for konserten med Eva Weel Skram på Sjøborg torsdag kveld.

– Der var nesten fullt hus, og svært god stemning, fortel Ringstad.

Standup-komikar Ørjan Burøe trekte godt med folk i festivalteltet fredag, og også under sommardansen med Bakarbandet og OldPlay laurdag var det godt med folk i festivalteltet.

– Vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå publikum på desse arrangementa. Det har vi forresten fått også på kyrkjekonsertane Smak av korsong og med Stig Ulv. Ingen av desse arrangementa trekte full kyrkje, men dei som var der har sagt at konsertane var flotte.

Både fredag og laurdag var det mykje folkeliv i sentrum, og ifølgje Ringstad har fleire av butikkane og restaurantane meldt frå om stor omsetjing.

Også dei to ballettframsyningane på Sjøborg søndag trekte tilnærma fullt hus.

– Alt i alt må det vere lov å seie at Smak av Ulstein 2017 vart eit godt arrangement. Sjølv om det var litt regn inn i mellom gjorde det ingen ting, og temperaturen var fin heile tida, så det var godt å vere ute også, samanfattar kultursjefen i Ulstein.

Den formelle evalueringa er ikkje gjennomført enno, men Ringstad føler seg trygg på at det er stemning for å arrangere Smak av Ulstein også neste år.

– No får vi puste på nokre dagar, og så startar jubileumsfeiringa av Sjøborg kulturhus, legg han til.

Sjøborg er 10 år i år, og det blir arrangement både torsdag, fredag, laurdag og søndag i denne veka.

Torsdag blir det sommarkonsert ved Ulstein kulturskule, Fredag blir det Norgespremiere på Sjøborg Kino med filmane «Siste kveld med jentene», og «Wonder Woman». På Sjøborg blir det også Glow-party med DJ og konkurransar, med Bell som arrangør på fredag.

For alle som er interesserte i blomster må det vere interessant å ta seg ein tur inn i festivalteltet på Kulturallmenningen laurdag morgon. Der er det distriktsmeisterskapen i blomsterdekorering.

Laurdag formiddag er det minikonsertar med elevar frå kulturskulen, Jubileumskonsert med lokale solistar og ein stjernetenor på Sjøborg.

Og søndag blir det Cohen på norsk, også det på Sjøborg.