I fjor godkjende politikarane i Ulstein ein skulebehovsplan, der det kom fram at Ulsteinvik barneskule bør utvidast.

Det same konsulentfirmaet som laga den rapporten, fekk så i oppdrag frå kommunen å sjå på kva løysingar dei såg for seg for utbygging av skulen. Det har dei no gjort. Forprosjektet har fått namnet «Moglegheitsstudie av Ulsteinvik barneskule», arkitekt Sabine Klonk orienterte kommunestyret torsdagskvelden.

Utan gymsal

Sidan Ulstein Arena snart er ferdig, og det er like i nærleiken av Ulsteinvik barneskule, ser dei for seg eit skulebygg utan gymsal.

Dagens gymsal kan byggjast om til arbeidsplassar til lærarane. Og idrettsbygget bør rivast, då skuleelevane får området til uteområde dei kan leike seg på.

Samlar SFO og småskule

I det nye bygget vil dei samle SFO og småskulen. Dei ser for seg at dei yngste kan få ein eigen skuleinngang, så dei blir litt meir skjerma.

Klonk viste fram skisser for korleis ho har tenkt utforminga av bygget, men det er ikkje ei ferdig teikning/plan.

I dette bygget ser ho også for seg at «hjartet» til skulen kan vere. her kan dei ha bibliotek og musikkrom. Og når skulen blir leigt ut på kveldstid, er det kanskje denne delen dei kan bruke?

Solfylt uteområde

I tillegg til å tenkje inneområde, tenkte arkitekten uteområde. Borna bør ho plass til å boltre seg på utandørs. Ho meinte det ikkje er nokon god ide å byggje på skulen austover. Det er eit godt uteområde, det er der sola er når borna er på skulen.

Byggje heilt nytt?

Ho hadde også tenkt ut ei mogleg løysing for korleis det kunne blitt om kommunen bestemte seg for å rive skulen og byggje alt nytt. Då meinte ho dei ville fått til betre løysingar, men utfordringa er kvar borna skal vere i mellomtida.

Å byggje på spådde ho vil koste rundt 150 millionar, å byggje nytt vil koste 234 millionar. Men dette var ikkje sikre tal, så før kommunen bestemmer seg for å byggje ut bør dei kvalitetssikre tala.

Egil Ulfstein (H) føreslo at dei kan byggje der USAS (tidl. Soltun) held til, for det bygget blir rive etter USAS flyttar. Det meiner han er ei god tomt for skule.

Arkitekten: Sabine Klonk meinte kommunen kan få til ei OK løysing ved å byggje på.