– Eg håper vi kan få til endå betre oppfølging av både arbeidsplass og flyktningane som deltek i introduksjonsprogrammet, seier Matilde Hassel, som er tilsett i prosjektleiarstillinga.

Både i Ulstein og Hareid er det vanskeleg å skaffe nok praksisplassar til dei busette flyktningane. Prosjektet i Ulstein fekk tidlegare i år 400.00 frå Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet, IMDI. Det overordna målet er at fleire av flyktningane skal gå ut i varig arbeid når dei er ferdige med introduksjonsprogrammet.

– Vi prøver å få til eit heilskapleg pedagogisk opplegg med praksis, arbeidslivskunnskap og arbeidsretta norskopplæring, fortel Matilde Hassel.

Større behov

– Vi tek imot stadig fleire flyktningar, og då aukar også behovet for praksisplassar, fortel Bjørg Vartdal Hareide, som er koordinator for Introduksjonsprogrammet ved Ressurssenteret på Hareid

Ho peikar på at det har vore tunge tider i mange bedrifter, med permitteringar og oppseiingar.

Akkurat no er 24 deltakarar inne i introduksjonsprogrammet i Hareid. Dei lærer norsk, og om norsk samfunn og arbeidsliv. Som i Ulstein er målet at dei går ut i jobb eller utdanning når dei er ferdige med programmet.

Både Hareide og Hassel understrekar at dei har godt samarbeid med fleire bedrifter.

– Vi får mange tilbakemeldingar om hyggelege medarbeidarar og kjekke arbeidsplassar, seier dei to.

Hareide skulle ønske at arbeidsplassar var meir villige til å ta imot flyktningar, og peikar spesielt på mekaniske verksemder.

Rettleiarar

Prosjektleiar i Ulstein, Matilde Hassel, fortel at kommunen har eit mål om at sytti prosent av flyktningane skal gå ut i jobb eller utdanning når dei er ferdige med introduksjonsprogrammet.

– For å få til dette er vi avhengig av gode samarbeidspartnarar, seier ho. Kommunen har difor signert ein samarbeidsavtale både med hotellet i Ulsteinvik og helse- og omsorgsetaten. Begge stader stiller med eigne praksisrettleiarar, som skal følgje opp flyktningar som er i praksis.

– Kva gjorde du i helga? Bjørg Vartdal Hareide i samtale med flyktningar som får norskopplæring på Ressurssenteret på Hareid. Ho er koordinator for Introduksjonsprogrammet der. Foto: Linda Eikrem