– Eg er veldig motivert for ein praksisplass, fortel Ghaith Ajlouni då lokalavisa stikk innom ein norsktime ved Ulstein Kompetansesenter. 27-åringen frå Syria fortel at han kom til Noreg 14. februar 2015, på sjølvaste Valentindagen.

Manglar framleis plass

Frå august skal femten busette flyktningar frå kompetansesenteret ut i praksis. Det betyr at dei har lært såpass mykje norsk at dei kan ha utbytte av å vere på ein arbeidsplass ein eller to dagar i veka.

– Framleis er det fem som manglar praksisplass, fortel Matilde Hassel i flyktningtenesta i Ulstein. Flyktningane som vert sende ut i praksis har alle gått minst eitt år på introduksjonsprogrammet.

Praksis er altså ein del av norskopplæringa og er eit kommunalt ansvar.  For bedriftene kostar det ikkje noko å ta imot ein flyktning i praksis, men dei  må stille med ein kontaktperson.

Både på Ressurssenteret på Hareid og i flyktningtenesta i Ulstein kommune understrekar dei at det er viktig å finne rett praksisplass til dei ulike flyktningane. Flyktningane er difor aktivt med prosessen rundt val av slik praksisplass.

Utdanna tannlege

Ghaith er ein av dei som enno ikkje har fått napp hos ein arbeidsgjevar på Hareidlandet.

27-åringen er utdanna tannlege frå heimlandet Syria. Sommaren 2015 fekk han opphaldsløyve i Noreg, og i januar i fjor flytta han til Ulstein.

– Eg er veldig sosial og likar svært godt å snakke med folk, fortel han. Før han kom til Ulsteinvik, budde han i Skien. Der jobba han mellom anna med å vaske bilar. Han fortel at han allereie første dagen i Ulsteinvik fekk god kontakt med ekteparet som eig leilegheita han og familien leiger.

– Vi har gått mykje på tur i lag, og saman med dei har eg fått veldig god trening i å snakke norsk, fortel han.

Saman med kona og dottera på sju månader har han tenkt å bli verande i Ulstein i mange år. Han fortel at dei heime snakkar tre språk til dottera: arabisk, engelsk og norsk.

Vil jobbe med born

Rundt bordet på kompetansesenteret sit også tre kvinner som heller ikkje har fått ein arbeidsplass å praktisere norsk frå hausten.

– Eg har mest lyst til å få jobbe i ein klebutikk, fortel 33 år gamle Rana Albitar frå Syria. Også Hala Haman (25) har kome til Ulsteinvik som flyktning frå Syria.   Ho ønskjer seg inderleg å få språkpraksis hos SFO, skulefritidsordninga.

Ved same bord sit også 23 år gamle Hajir Ahmed frå Eritrea. Ho fortel til lokalavisa at ho er mor til ein liten gut og at ho likar å jobbe med born. Ho har difor praksis i ein barnehage som sitt høgaste ønske.

Er tolk for dei andre

Då lokalavisa er innom kompetansesenteret er det fullt hus. Ghaith har lært så mykje norsk at han fungerer som tolk for dei andre når leiaren for inkludering og mangfald i Ulstein, Lars Erling Bjåstad Hovlid, forklarer kva Vikebladet Vestposten er for noko og kvifor avisa er på besøk. Vi kjenner berre igjen ordet «lokalavis» når han omset til arabisk.

– Eg ønskjer meg praksisplass som tannpleiar eller assistent hos ein tannlege eller på ein tannklinikk, seier han.

Foto: Linda Eikrem
Rana treng også praksisplass Foto: Linda Eikrem