No lurer Arthur og Arnhild f. Vartdal Teigene på om nokon kjenner til tradisjonen med å ha bårepute i lag med blomar og kransar på kista under ei gravferd.

Båreputa var i bruk under gravferda til Arthur sin farfar, Olaf Arthur Olson Teigene, som var fødd 9/12 1884 og døydde 11/9 i 1940.

Båreputa er svart og har eit metallisk motiv kring eit kors der to greiner går ut frå ei sløyfe. Greina til venstre er ei kristtorngrein, medan den til høgre truleg er ei hasselgrein. Blada på dei to greinene er, som vi ser, ulike. Fruktene også.

På korset står det: ”Farvel og takk for alt”.

I tillegg har puta fire duskar, ein på kvart hjørne. Desse er også i metall.

- Metallet var brunt då vi tok det fram, fortel Arnhild, som har pussa det tilbake til original tilstand.

Men spørsmålet er altså: Er her lesarar som kjenner til skikken med bårepute og om denne skikken eventuelt har vore praktisert i nyare tid?