Neste veke er siste veka før skulane tar sommarferie. Ein del skular og barnehagar vel å leggje sommaravslutningane sine utandørs, så ein del foreldre er nok spente på korleis vêret blir når dei skal sitje på ei strand og grille som avslutning på skuleåret, barnehageåret eller noko anna.

Eller kanskje du er invitert på sommarfest? Det ser ikkje ut til at du får bruk for den tynnaste sommarkjolen desse kveldane.

Måndag er det meldt opplett på dag, men litt regn på kvelden. Gradestokken skal vise rundt 12 gradar.

Tysdagen blir det regn både dag og kveld, og 10 gradar.

Onsdag blir det litt regn på føremiddagen, deretter skin det opp, og ser lovande ut for kvelden, men ikkje meir enn 13 gradar.

Torsdag er det faktisk meldt opplett heile dagen, og oppi 19 gradar. Men det er mørke skyer, så det kan snu...

Fredag er det jonsok, den store kvelden for bålkos. Då er det meldt striregn både ettermiddag og kveld. Men temperaturen er oppe i 17 gradar.

Laurdag melder yr.no regn både dag og kveld, og 14-15 gradar.

Og sundag blir det regn, men sola kjem fram utpå kvelden.