Hareid kommune har leigt inn selskapet Hammerø & Storvik som prosjektleiarar for Helsehuset som er under planlegging. Dei byrja på arbeidet i starten av juni.  I tida framover  skal  dei ha fleire møte med byggenemnda.

Til kommunestyremøtet 7. september skal den kommunale byggenemnda legge fram for politikarane eit forslag om kor stort areal kommunen treng, budsjett og kostnadskalkyle.