KLIKK PÅ BILDET FOR Å SJÅ FLEIRE:

- Det kjem alltid så mange når ein arrangerer noko her på Hareid, sa ein innflytta forelder då Hareid skule heldt sommarkonserten sin i Åsendalparken onsdag.

Kanskje likevel ikkje så rart at mange var der når rektor Hege Tretnes på si side kunne mønstre 250 elevar – og gjett om der var mange foreldre, søsken, besteforeldre og slikt: Cirka 350 rundt om på vollane fram om scenen, i følgje oversiktsfoto. Kanskje meir.

600 er ingen liten flokk ein tidleg kveld med litt uroleg skyføring.

Mykje å gjere

Foreldrerepresentantane på skulen hadde hjelpt godt til, slik at det også vart anna å engasjere seg i enn det musiske og teatralske på scenen.

Bl. a. var der taudraging, svampkasting og tilbod om å delta på biblioteket sitt «sommarles»-prosjekt. Og sjølvsagt grilling.

Konserten, under leiing av sjefsdirigentane Lene V alseth og Vikebe Holstad, var eit rytmisk fyrverkeri med ei rekke artige sceniske effektar. Dei som er litt oppe i åra fekk gjenlyd med «Pelle Parafins Bøljeband», der var ein eventyrsong m/illustrasjonar og ei artig årstidsvise der elevane illustrerte viktige hendingar ut etter året - frå nyttår til jul. Ski, bærplukkarar, potetkasser og julegåver var med – og mykje meir. Film-musikk m/oppptreden frå «Frost» var der også.

Ny skulesong og is til alle

Konserten opna forresten med ei urframføring av Hareid skule sin nye song, skriven av lærar Lene Valseth og tonesett av Svenning Brandal.  Vakkert. Elevane imponerte elles særleg ved å falle heilt rett inn rytmisk i den to-stemte Happyness-songen seinare i konserten. Vamp-songen «Månemann» fekk vi også høyre. Og på fleire plakatar markerte elevane at du må vere "den du er, og ikkje bry deg om kva andre meiner".

Og sjølvsagt var grand finale på konserten songen «Sommer og skolefri».

Ordførar Anders Riise var framme og takka for ein framifrå fin og artig konsert og gav ros både til elevar og tilsette. Han opna deretter kommunekontoen og spanderte is på heile gjengen.

Hege Holstad er vanlegvis i sving som oppvarmar når noko er på gang. Denne gongen var ho med som avsluttar – då ho leidde elevar og publikum i tre gymnastiske dansar.

Deretter vart ordførar Anders Riise utfordra av rektor Hege Tretnes til å stå i lag som «blinkar» under svampkastinga.