Onsdag formiddag henge innehavar Bente Hansen opp skilt med "opphøyrssal" på glasa til Elle Boutique i Ulsteinvik.

- Eg synest dette er veldig trist, men tala viste at det ikkje gjekk lenger, slår Hansen fast.

Ho tok over Elle Boutique i juli 2015 etter Liv Haram Abbou som hadde drive den eksklusive dameklebutikken, med ein tøtsj av fransk, i 34 år.

No er det altså slutt for Elle Boutique.

- Eg orkar ikkje å seie så mykje, men det er heilt klart at eg tok over butikken i ei vanskeleg tid her i Ulsteinvik. Det har vore mykje permitteringar og oppseiingar i regionen, og stadig fleire ser ut til å reise andre stader for å handle. Netthandel er også blitt ein større konkurrent, seier Bente Hansen.