Det er rustgjennomslag frå armering under kaia, men der skal vere trygt å ferdast på kaia for bilar opp til ti tonn.

For snart fem år sidan (august 2012) skreiv Vikebladet Vestposten at kommunekaia var i dårleg stand, det slo Safe Control fast i ein rapport etter dei på oppdrag frå Ulstein kommune hadde inspisert sju bruer og kaier i kommunen.

Dei meinte at kommunen bør til med utbetring av kaia så fort som råd.

– Det er påvist sprekkar med blottlagt armering og armeringskorrosjon i hovudbjelkar, brudekke og frontbjelke. Dette kan få konsekvensar for bereevna, viss tiltak ikkje blir sett i verk, skreiv Safe Control i rapporten sin til kommunen.

Årleg inspeksjon

På spørsmål til teknisk etat i Ulstein kommune om det er gjort noko for å utbetre kaia desse fem åra, svarer Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar for drift og anlegg, at dei har årleg inspeksjon av alle kommunale kaier og bruer.

Løyve pengar i budsjettet

Rapporten har i fleire år peike på at kommunen bør ta ei grundigare vurdering av kommunekaia i sentrum, då det er rustgjennomslag frå armering under kaia. Slik rapport er no tinga, og den vil gje kommunen eit svar på om/når noko må gjerast og om lag kostnad for tiltak. Rapporten vil bli brukt som grunnlag for eventuelle løyvingar til kaia i budsjettsamanheng.

– Så då er det sånn å forstå at det ikkje har skjedd noko med kaia på dei fem åra sidan førre rapport? Bortsett frå årlege inspeksjonar?

– Årleg inspeksjon ja, men ikkje gjort stor inspeksjon endå. Vert som sagt gjort i år, svarer Wiik.

Toler ti tonn

Avdelingsleiaren opplyser om at det er sett ei grense for maks aksellast på 10 tonn.

Både personbilar og lastebilar kan køyre på kaia.

Forbod mot lagring av tungt gods

Det er forbod mot lagring av tungt gods (jarnplater og liknande) på betongdelen av kaia.

– Kaia i sentrum er ein stor ressurs, som blir brukt både til godslossing, til handel og i festivalsamanheng, avsluttar Wiik.