Styrar Solveig Ertesvåg kunne stolt kome fram til talarstolen i kommunestyresalen på Hareid rådhus og ta i mot den gjeve Arbeidsmiljøprisen for 2017, på vegner av dei tilsette i Syverplassen barnehage. Leiar i Utdanningsforbundet i Hareid, Asle Dromnæs, og ordførar Anders Riise gav Ertesvåg flotte blomar og ein flott diplom som bevis på at Syverplassen er framifrå på arbeidsmiljø.

- Eg vart både overraska, glad og ganske rørt. Vi jobbar godt i fellesskap for å nå måla vi har sett oss, og vi byggjer på kvalitetane kvar enkelt av oss har. Vi jobbar for å gjere kvarandre gode, og saman vil vi nå felles mål. Vi skal halde fram med å vere ein lærande organisasjon, der vi reflekterer over arbeidet vi gjer. Vi skal også halde fram med å jobbe forskingsbasert, seier Solveig Ertesvåg til Vikebladet Vestposten.

Grunngjevinga for prisen var slik:

Vinnaren av prisen har gjennom målretta arbeid og sterkt engasjement for borna i Hareid bidrege til å skape eit godt og trygt oppvekstmiljø. Det har vore sett inn omfattande tiltak for å betre uteområda. Dette har blitt gjort i godt samarbeid med dei føresette. Det har i tillegg vore arbeidd med ulike pedagogiske prosjektarbeid.

Gjennom DUB-prosjektet som har vore gjennomført i samarbeid med PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste), har ein hatt søkjelys på dei borna som kan ha litt ekstra utfordringar i kvardagen.

I år har det vore sett i gang eit utviklingsprosjekt som heiter "Leik med autoritative vaksne". Å vere autoritativ betyr at ein skal ha kontroll i læringssituasjonen samstundes som ein skal byggje gode relasjonar til borna.

Prisvinnaren har klart å tilretteleggje og motivere for kompetanseheving, noko som er motiverande for alle i organisasjonen og som i siste instans vil gje gode tenester til brukarane.

Vi gratulerer Syverplassen barnehage med Arbeidsmiljøprsien for 2017!