Den siste veka har resten av verda oppdaga Karsten Warholm. I lokalavisa dukka han opp for mange år sidan. Dermed er alt som det skal vere.

Etter at Warholm grusa konkurrentane på 400 meter hekk både på Bislett og i Stockholm no tidlegare i juni, sa tidlegare trenar Arve Hatløy at 21-åringen no er verdskjend i friidrettssamanheng. Norsk og internasjonal presse har dei siste vekene brukt mange spaltemillimeter på å omtale han som vert kalla den nye "wonderboyen" i norsk friidrett. To sigrar på to Diamond League-stemne gjorde at verda fekk auga opp for diamanten frå Dimna.

Tidlegare i år arrangerte moderklubben Dimna IL, innandørs-NM i friidrett i Ulsteinhallen. Til NRK sa Karsten då at han var stolt av klubben og at han trudde innsatsen bak arrangmentet handla om ei identitetskjensle.

Han var absolutt inne på noko. Identitet, det å høyre til ein stad, er viktig. Eit fellesskap, noko å vere stolt av, noko å snakke om. Det som gjorde at kommunestyret i Ulstein tok pause i debatten for å sjå Karsten springe på Bislett. Det er denne lokale identiteten også lokalavisa er tufta på.

Difor er alt som det skal vere når lokalavisa i dag har leita fram nokre Karsten-bilde frå arkivet. Det eldste er rundt ti år gamalt og viser ein smilande gut i 11-årsalderen. Vikebladet Vestposten har følgt han desse åra. Først kanskje litt tilfeldig, seinare meir medvite.

Vi kjem til å følgje han vidare, men må konkurrere mot alle dei andre redaksjonane som vil skrive om den treningsvillige 21-åringen. Karsten Warholm vil uansett alltid vere «vår». For sjølv ei verdsstjerne har ei lokal forankring.