Søknadsfristen på stillinga som dagleg leiar i Hødd går ut i dag, 26. juni. Etter at det førre månad vart kjent at noverande dagleg leiar Kari Mette Sundgot hadde sagt opp jobben, har Hødd vore på jakt etter ein etterfølgjar.

Klubben har engasjert tidlegare AaFK-trenar, Ivar Morten Normark, som no jobbar som rekrutteringsrådgjevar i Personalhuset, i søket på ny dagleg leiar.

Sunnmørsposten (sak for abonnentar) skreiv i førre veke at Hødd har vore i kontakt med fleire aktuelle kandidatar, og at klubben har mål om å ha ny dagleg leiar på plass innan 15. juli. Mellom dei aktuelle kandidatane klubben har vore i kontakt med var Øyvind Vebenstad, tidlegare arrangementssjef i AaFK. Han har takka nei til denne moglegheita.

I stillingsannonsen gir klubben uttrykk for at dei er på jakt etter ein kandidat som vil vidareutvikle klubben si sentrale rolle som samfunnsinstitusjon på Søre Sunnmøre.