Dei galne har det godt Ann Margreth Slåttelid og Gerd Leikanger er galne kjerringar i spelet.  – Det er berre kjekt å få vere litt gal av og til, seier dei.

Dei galne har det godt Ann Margreth Slåttelid og Gerd Leikanger er galne kjerringar i spelet. – Det er berre kjekt å få vere litt gal av og til, seier dei.

Klart for framsyning 101 av «Kongens Ring»

Dei 300 deltakarane i Herøyspelet er klare for årets framsyningar.

Det er eit år sidan sist det var spel, og gjensynsgleda er stor blant dei medverkande. 200 aktørar i tillegg til hundre medhjelparar er i sving under Herøyspelet.

- Når eg kjem over brua til Herøy, så berre senkar roa seg, eg kjenner det langt inn i sjela, seier Ann Margreth Slåttelid, som spelar Ravna, den eldste Herøykvinna, ho som skal ha sett det meste av elendigheit og gleder.

Fleire hareidsdølingar er med

Rundt omkring i forskjellige flokkar finn ein fire kameratar; ein herøyværing og tre hareidsdølar. Elias Warholm har vore med i mange år. I fjor fekk han med Gaute Wiik og Tommy Wiik frå Hareid.

- Eg meinte dei måtte vere med, for dette er så kjekt at det må alle få oppleve, seier Elias.

Gaute og Tommy vart med i fjor, og i år har dei fått med naboen Ole Martin Øyehol.

- Det var veldig kjekt, så han også måtte få det med seg. Det er ein fin sommarhobby, sommarleir, smiler dei.

Folkeliv

Regissør Gerald Pettersen er klar for sitt 26. år som kunstnarisk leiar for spelet.

Før og etter framsyningane er det folkeliv, matsal og aktivitetar på tunet på Herøy kystmuseum. Barna kan få prøve seg på sverdleik og prøve hjelmar og brynjer, og folk kan også ro seg ein tur med ein færing frå museet. Det opplyser Herøyspelet om i ei pressemelding.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: