Det er kulturskulane på Søre Sunnmøre som skal framføre barnesongar under Familiekonserten til Dei nynorske festspela. Framsyninga er ikkje noko mindre enn ei verdspremiere for nynorske barnesongar.

Alle kulturskulane på Søre Sunnmøre er representerte med ein songsolist. I tillegg til Giljarhus Linge og Hole Grimstad er det Christine Grace Moltu frå Herøy, Andre Strandbø og Marikken Knotten frå Sande, Madelen Rimstad frå Vanylven, Ilja Elisabeth Bech frå Volda og Linnea Masdal frå Ørsta som blir solistar.

Sju nye barnesongar

Festspeldiktar Lars Mæhle har skrive sju nye songar, og Beate Lech har sett melodi til dei. Det er poporienterte, fengjande songar dei seks songsolistane skal framføre.

«Tonen i kvardagen» er tittelen på familiekonserten ved Uteamfiet i Aasentunet. Musikalsk leiar blir Karin Eckhoff Holsvik frå Vanylven. Ho er pianist, og var mellom anna pianist på Julemorgen på NRK sist jul. På scena blir elles eit habilt band med Øystein Eckhoff på gitar, Svein Hunnes på bass og Calos Alberici på trommer.

Framføringa fredag blir leia av forfattar Maria Parr.