Vegvesenet har laga sperrelinje og forbikøyring forbode forbi Hasundkrysset.
(Foto: Linda Eikrem )

Vegvesenet har laga sperrelinje og forbikøyring forbode forbi Hasundkrysset. Foto: Linda Eikrem

Nedsett fartsgrense

No er fartsgrensa forbi Hasundkrysset i Ulstein sett ned frå 80 til 70 kilometer i timen.

Den nye fartsgrensa tok til å gjelde måndag, samstundes som det er laga sperrelinje med forbikøyring forbode på ein del av strekninga.

Det er nesten to år sidan teknisk utval i Ulstein bad Statens vegvesen setje ned fartsgrensa til 60 kilometer i timen, som eit trafikktryggingstiltak.  Men vegvesenet ville heller ha 70-sone på staden. 

Villige til å setje ned fartsgrensa

Men vegvesenet vil ikkje setje ned fartsgrensa så mykje som Ulstein kommune ønskjer.

Det har vore fleire trafikkulukker ved Hasundkrysset, både med og utan personskade.  Årsdøgnstrafikken mellom Strandkrysset og Hasundkrysset er over 9000 køyretøy, etter Hasundkrysset 7000 køyretøy.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: