– Vi har planar om fleire nye og spennande prosjekt framover, men spesielt vil vi fokusere på «MITT VAL!»-programmet som har til mål å bidra til gode oppvekstvilkår for born og unge, seier Kvalsvik.

Etter å ha vore medlem i klubben i 3 år, vart Kvalsvik valt som ny president i Lions Ulstein-Hareid den 11. mai dette året. Med kjende lokale tiltak og aksjonar, mellom dei underhaldning og kaker på sjukeheimane i Ulsteinvik og Hareid, Lions Raude Fjør-aksjonar, samt dei årlege Tulipanaksjonane, gler den påtroppande presidenten seg til å ta fatt i arbeidet.

Mange er nok kjende med tulipansalet til Lions Ulstein-Hareid, der dei siste helga i april brukar å stå i sentrum både i Ulsteinvik og på Hareid for å selje flotte tulipanar til inntekt for viktige tiltak. Klubben på Hareidlandet har dei siste åra brukt inntektene frå tulipansalet på å styrke sitt eige «MITT VAL!»-program.

Programmet fungerer førebyggjande mot rus, overgrep og mobbing, ved å tilby barnehagar, skular og idrettslag eit verktøy for å trene born og unge sin sosiale og emosjonelle kompetanse slik at dei er i stand til å byggje relasjonar, venskap, samt ta gode og rette val.

Ynskjer fleire frivillige

– Tanken med programmet er at det er betre å byggje born, enn å reparere vaksne, seier Kvalsvik.

I haust hadde Lions Ulstein-Hareid 22 personar frå barnehagar, skular og idrettslag på «MITT VAL!»-kurs. Klubben har eit ynskje om at fleire vil engasjere seg, og det er spesielt i forhold til kurs for «MITT VAL!»-programmet at dei gjerne skulle tenkt seg fleire involverte.

– Vi har fleire eldre og godt rutinerte medlemmar i klubben, og deira erfaring er heilt naudsynt for klubben. Likevel vil vi gjerne at fleire yngre skal engasjere seg, folk som kanskje har born eller andre tilknytingar til både barnehagar, skular eller idrettslag, fortel Kvalsvik.

Klubben har møte om lag ein gong i månaden.