Karsten Warholm gratulerer sin overmann, Luka Janezi frå Slovenia. (Foto: Skjermdumpt frå direktesendinga: http://www.european-athletics.org/index.html)

Karsten Warholm gratulerer sin overmann, Luka Janezi frå Slovenia. Foto: Skjermdumpt frå direktesendinga: http://www.european-athletics.org/index.html

Resultatlista frå 400 meter.

Resultatlista frå 400 meter.

Karsten Warholm frå semifinalen på 400 meter hekk tidlegare på dag laurdag. (Foto: Thore-Erik Thoresen, friidrett.no)

Karsten Warholm frå semifinalen på 400 meter hekk tidlegare på dag laurdag. Foto: Thore-Erik Thoresen, friidrett.no

Skjermbilde frå http://www.european-athletics.org

Skjermbilde frå http://www.european-athletics.org

1 / 4

Sølv til Karsten

Karsten Warholm tok sølv på 400 meter i U23-EM laurdag ettermiddag.

Med tida 45,75 måtte han sjå seg slått av slovenaren Luka Janezi som vann med tida 45,33.

Dermed vart det sølv til Warholm på 400 meter i U23-EM i friidrett i Bydgoszcz i Polen.

Berre nokre få timar etter at Warholm hadde kvalifisert seg til finalen på 400 meter hekk, som går søndag ettermiddag, sprang han altså finalen på 400-meter.

- Dette er det femte løpet i meisterskapen for denne fenomenale nordmannen, påpeikte kommentatoren på direktesendinga, og viste til at Warholm deltek både på 400 meter og 400 meter hekk.

I finalen var det i utgangspunktet Luka Janezic frå Slovenia som var den største utfordraren, og det var altså han som vann løpet.

U23-EM i friidrett:

Ny finaleplass for Karsten

Men han fekk tøff konkurranse i innspurten på 400 meter hekk.

 

Etter at Warholm fredag først kvalifiserte seg til semifinalen på 400 meter hekk før han kvalifiserte seg til finalen på 400 meter, sa han til friidrett.no at 
- Dette løpet kosta så klart litt meir enn det førre, men eg føler at eg har kontroll.
- Angrer du på at du dobla?
- Eg angar litt av og til, fleipa Karsten, før han slo fast at det sjølvsagt er gøy i springe i EM.

U23-EM i friidrett:

Finaleklar på 400 meter

Karsten Warholm vann sitt semifinaleheat i Bydgoszcz.

 

Her kan du følgje direktesendinga frå meisterskapen og få oppdaterte resultat.

Sjå også videointervju som Norsk Friidrett har gjort med sølvvinnaren. (Videoen finn du på høgresida av saka på nett/i botnen av saka på mobil).

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: