Folk flest har ikkje vore så flinke til å halde seg unna alkoholen så langt i sommar når dei nyt båtlivet, meiner politiet.

– Nei, det er mange som spekulerer. Det er jo koseleg å ta seg eit glas vin eller ein øl når ein er ute på sjøen. Men vi møter veldig mange som spekulerer i promillegrensa og ligg og vippar. Så vi kunne tenkje oss at grensa var lågare, seier politiførstebetjent Eva Brekke i Sjøtenesta i Oslo til NTB.

Mange ulykker med fritidsbåtar skjer i alkoholpåverka tilstand. Medan promillegrensa på land er 0,2, er grensa til sjøs 0,8.

Motorproblem

Tysdag var statsråd Jan Tore Sanner (H) på sin første båttur i år – med politiet på patruljering i Oslofjorden, og med flytevest.

– Sommartid er båttid og det er viktig at alle kan ha det hyggeleg på sjøen. Då må ein hugse å ha på seg vest og la ølflaska stå igjen heime og vise sjøvett, rår kommunal- og moderniseringsministeren.

Sommaren har vore roleg for politiet så langt. Dei har brukt mest kapasitet på å rykke ut til båtfolk som har motorproblem og til grunnstøytingar.

– Vi bruker kikkert

Sanner meiner flytevestpåbodet som blei innført for drygt to år sidan for båtar under 8 meter, har bidrege til færre alvorlege ulykker.

– Eg trur vi vil sjå det same nå på sjøen som i slalåmbakken. Før så var det litt ukult å ha på slalåmhjelm. No har det blitt rart å ikkje ha det. Eg trur vi ser det same på sjøen og at det å bruke vest det kjem til å vere ein heilt naturleg del av det å vere på sjøen, seier han til NTB.

– Vi bruker kikkert og ser fort om folk har vest på seg. Alltid når vi stoppar ein båt er det jo eit tema om båten er over 8 meter eller under 8 meter, forklarer Brekke.

Ho meiner folk har blitt mykje flinkare til å bruke flytevest i båtar etter påbodet.

– Ja, absolutt, og vi synest det er kjempefint. Det er ikkje nokon tvil om at det reddar liv viss du ramlar ut i sjøen. Vi hadde ei dødsulykke her for eit par år sidan. Hadde han hatt vest på seg, så hadde han jo heilt sikkert vore i live i dag, påpeiker Brekke.