– Vekta påverkar korleis bilen oppfører seg. Ikkje minst har vekta mykje å seie når ein skal bremse opp, seier Marianne Moe i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Med klasse B kan ein trekke ein tilhengar med totalvekt over 750 kilo dersom summen av lovleg totalvekt på tilhengar + lovleg totalvekt på bil høgst blir 3500 kilo.

I Noreg er det slik at køyretøy med hengar ikkje kan køyre fortare enn 80 kilometer i timen uansett kva fartsgrensa er. Har ikkje hengaren brems er grensa 60 kilometer i timen.

– Vi vil og minne folk på at det er viktig å sikre alle lause gjenstandar som er med på ferieturen. Lause gjenstandar vil bli slengt framover om føraren må bråbremse. Til dømes vil ein usikra iPad fare framover med ei kraft på 96 kilo om det oppstår ein kollisjon når ein køyrer i 100 kilometer i timen, fortel Moe.

På www.vegvesen.no er det ein eigen kalkulator for kor mykje last ein kan ha på tilhengjaren sin. Statens vegvesen tilbyr òg appen «Bil og henger», som kan lastast ned frå AppStore, Google Play og Windows Phone Store.