– Målet er at vi skal kunne lage balanserte måltid heilt frå botnen av, gjerne frå eigne råvarer. Tanken er at maten ein lagar sjølv vil smake betre og i samband med det, vil vi gjere borna bevisste på heile prosessen som gjer at mat tek form, seier Cecilie Hole som har ansvar for satsinga. Fleire av foreldra er positive til satsinga, legg ho til.

Heilt sidan dei tilsette i barnehagen valte å satse på økologisk mat og drift, har borna vore involvert. Dei har vore med å så frøa som no har utvikla seg til ein nokså stor kjøkkenhage. I tillegg har dei fylgt fleire av hønene som no trippar rundt på barnehageområdet heile vegen frå egg til kylling.

– Det at borna har vore med frå starten av er ein viktig del for heilskapleg læring, som vi gjerne vil fokusere på. Vi gjer dette for borna sin del, fordi vi trur det bidreg til å gi dei ein god start på livet, fortel Hole.

Borna verkar å vere svært begeistra over dei nye fjørkledde fuglane som no har sett sitt preg på barnehagen. Egga til både vaktlane og hønene vert brukt i matlaging, og på storbornsavdelinga var Selma, Adele, Victoria og Sondre godt i gong med å lage bondeomelett dagen då Vikebladet Vestposten var på besøk.

Sjå video frå då Vikebladet Vestposten var på besøk her.

I tråd med rammeplanen

Det var fleire av dei tilsette som tok initiativ til forminga av strategien som på sikt skal gjere barnehagen heiløkologisk.

– Gjennom vår visjon om ein sunn, aktiv og lykkeleg barndom, bestemte vi oss for at vi ville satse på dette med mat, helse og fysisk aktivitet. Dette fordi vi meiner at kropp og hjerne, eller det fysiske og psykiske heng så tett saman, seier Hole.

Ikkje lenge etter lanserte Utdanningsdirektoratet den nye nasjonale rammeplanen for barnehagane, som fokuserer på både berekraftig utvikling, helse, mat, ernæring og fysisk aktivitet. Planen trer i kraft frå 1. august dette året.

– Vi kom med denne strategien før den nasjonale rammeplanen vart lansert. Og så viser det seg at strategien til barnehagen vår går overeins med rammeplanen, seier Hole med eit smil.

Kva skjer med hønene i ferien?

– Då skal dei vere med heim til meg, fortel Hole som har både høner og vaktlar, i tillegg til gris heime hjå seg.

Selma, Adele, Victoria og Sondre lagar bondeomelett med egga frå hønene i barnehagen. Foto: Ragnhild Vartdal
Lykke (f.v.), Vetle, Tiril og Estelle har alle gitt vaktelen ein stor kos. Her har Vetle har akkurat sloppe taket på vaktelen som får mykje merksemd av borna. Foto: Ragnhild Vartdal
Vaktelegg er sunnare enn vanlege egg, då dei inneheld fleire vitamin og mineral, seier Silje Larsen. Her sit Johan (f.v.), Kevin, Ørjan og Agnes og reinskar vaktelegg. Foto: Ragnhild Vartdal