– Du kan ikkje sjå om skjela er giftige. Det er det som er skummelt. Dei ser heilt friske ut, seier seksjonssjef Kristin Helgesen Torkveen i Mattilsynet i Vestfold til NRK.

Det er algegift som er grunnen til at blåskjel både aust, vest, nord og sør i landet ikkje kan etast. Blåskjel et nemleg algar, og enkelte algetypar kan ha giftstoff som hopar seg opp i skjela.

Seksjonssjefen i Mattilsynet åtvarar mot å plukke blåskjel i nærleiken av område der det er oppblomstring av algar. Ein bør også vere forsiktig med andre skjel, som østers, i område med giftige blåskjel.

Ho anbefaler å sjekke blåskjelvarselet til Mattilsynet før ein plukkar.

– Blåskjelvarselet er for folk som ønsker å plukke blåskjel til eige bruk. Varselet seier noko om algar og algegifter i vatnet på dei stadene vi tar ut prøver, seier ho.

Varselet blir lagt ut kvar fredag og gjeld i ei veke fram i tid.