Då krillreiarlaget Emerald Fisheries vart slått konkurs, kjøpte Røkkeselskapet Aker krillbåten «Juvel» på konkurssal. No skriv Dagens Næringsliv at Stig Remøy reagerer på at Aker hevdar dei i tillegg til trålaren, også har kjøpt den patentbeskytta teknologien til fabrikken om bord i båten.

– Det er nesten ingen ting som forbausar meg lenger når det gjeld Aker. Dei gir inntrykk av at dei har kjøpt patent for krillproduksjon på «Juvel». Alle patent for krillfabrikken på «Juvel» er eigd av selskapet Rimfrost, seier Stig Remøy til Dagens Næringsliv.

Etter konkursen har Stig Remøy starta selskapet Rimfrost, og han skal byggje ein ny krillbåt.

Men dagleg leiar Matts Johansen i Aker Biomarine er ikkje samd. Han viser til at både konkursbuet og långivarane har konkludert med at Aker Biomarine har rett til å disponere over patent til Emerald Fisheries. Remøy og Røkke har konkurrert i ti år om dei enorme krillforekomstane i Sørishavet.