Kommunen har tidlegare hatt eit webkamera plassert på toppen av Rådhuset. Men no sender dei direkte frå taket på Sjøgata 5.

- Kameraet skal gå direkte heile tida, og vi har valt å ha det som del av turistinformasjonen til kommunen. Om ein lurer på korleis vêret er eller trafikken for den del, kan ein alltids klikke seg inn på webkamerat for å sjekke, seier informasjonskonsulent i Ulstein kommune, Zari Demirova.

Ho nemner også at det er fleire andre kommunar som har tatt i bruk same strategi som del av turistinformasjonsarbeidet.

Lenke til webkameraet.