120 ungdomar kom til Sunnmøre Folkehøgskule måndag, og blir der til søndag. Det meste av tida går med til å øve på nye songar.

– Men vi har også grupper som får instruksjon i dans, drama, band og videoproduksjon, fortel Tora Bjørnøy Lalim, prosjektleiar ved Sunnmøre Folkehøgskule.

Øvingane munnar ut i ein konsert i Ulsteinsalen på skulen komande laurdag kveld.

– Det blir ein konsert som passar for både barn, ungdom, foreldre, tanter og besteforeldre, lovar Bjørnøy Lalim, som understrekar at det er gratis inngang.

I tillegg til dei 120 Ten Sing-ungdomane er 43 leiarar involverte i prosjektet. Dei fleste av dei som instruktørar.

Hektiske dagar

– Dagane er hektiske, og det meste av tida blir brukt til øving. Men vi har samlingar kvar kveld, og har også hatt nokre utflukter. Blant anna ei gudsteneste på Flø og idrettsaktivitetar, fortel prosjektleiaren.

50-årsjubileum neste år

Neste år er det 50 år sidan Ten Sing-rørsla etablerte seg i Noreg, og Tora Bjørnøy Lalim har tru på at jubileumsåret vil føre til ein oppsving i medlemstalet.

Rundt om i Noreg er det om lag 100 Ten Sing-lag, og målet er å skape ein arena der ungdomane kan vere seg sjølve. Mottoet til KFUK-M er «Ver deg sjølv, stå opp for andre».

– Folk er hjarteleg velkomne til konserten laurdag, smiler Bjørnøy Lalim i det ho går inn til neste øvingsøkt med ungdomane.