Slik opnar Arnulf Goksøyr eit innlegg på si Facebook-side til venar og kjende:

Hjertelig takk for alle fine helsingar og gode tankar de har sendt meg etter at eg la ut melding om min sjukdom den 6/7.

Herøy kommune melde då i frå om at ordføraren hadde fått ein alvorleg kreftdiagnose. No har han fått diagnosen, og det dreiar seg om Type B-All, eller akutt lymfoblastisk leukemi. Behandling har blitt sett inn omgåande. I innlegget skriv Goksøyr vidare:

Allereie dag 1 sette legeteamet i gang rask og god behandling. Dag 2 var slagplanen klargjort for meg, og cellegift med meir igangsatt. Diagnosa / behandlinga krev at legane må følge sjukdommen i lang tid framover, trulig snakker ein om år. Korleis behandlinga foregår etter første månad er gjennomført må eg vente for å vite nok om.

Behandlinga går etter planen

Goksøyr skriv så at det så langt viser seg at medisineringa går etter slagplanen, med ønska effekt. Han skriv vidare i innlegget sitt:

Det er godt å kjenne at fagfolket virkelig får lov å gjere ein god, rett og effektiv jobb i Norge. (...) Å ha nokon som heier på, gode venner, og ei stor sterk familie er også med på å gjere tida framover lettare å handtere.