Den nye leikeparken i byggjefeltet på Bigset er til stor glede både for små og store. Då Vikebladet Vestposten var innom under jonsokfeiringa like før fellesferien, var fleire titals av innbyggjarane samla til grill og leik i den flunkande nye leikeparken. Ein attraksjon som ikkje hadde vore der, hadde ikkje Bigset Velforening pusta nytt liv i dugnadsånda igjen.

– Denne plassen har det ikkje skjedd mykje med på mange år, fortel leiar i velforeininga, Leif-André Vik, til Vikebladet Vestposten.

Eit skikkeleg leikeområde

Saman med brorparten av styret i velforeininga, som også har fått nytt liv etter å ha vore lite aktivt siste åra, tok Vik seg ein prat med lokalavisa kring den flotte nyte leikeparken.

– Her var det eigentleg umogleg å ha nokon form for leik slik det såg ut før. Men, i fjor gjekk vi saman ein liten gjeng, som tenkte at vi måtte få på plass eit skikkeleg leikeområdet igjen. Vi la ein plan, kontakta tallause stiftingar, bankar og aktørar i næringslivet, og byrja for alvor på arbeidet, seier Vik.

Der den nye leikeparken har kome på plass var det tidlegare ei fotballbane, som var heilt attgrodd. Velforeininga fekk med seg Hareid kommune på laget. Kommunen lova å ta seg av å leggje nytt dekke på plassen, mot at velforeininga sjølv fiksa leikeapparat og anna.

– Vi fekk inn medlemskontingent frå dei som bur i feltet og som er med i Bigset Velforening. Så har vi fått anna støtte også, hovudsakleg frå Sparebanken Møre og Jets, men også frå andre i næringslivet.

Testa potensialet i fjor

Det var under årets jonsokfeiring at leikeplassen fekk sin «offisielle» debut, men potensialet til ein slik park blei testa då velforeininga inviterte inn til jonsokfeiring på den gamle leikeplassen i fjor.

– Det kom så mykje folk, at vi såg at her var det liv laga for ein skikkeleg leikepark, seier Leif-André Vik.

250 dugnadstimar etter bygdefolket byrja på arbeidet, står leikeparken klar. Med nye, flotte leikeapparat, skikkeleg dekke under apparata, og ny grus på området.

– Hjarteleg takk til alle som har hjelpt til! seier Vik til slutt.

Leikeparken har fått flunkande nye leikeapparat, til stor glede både for små og store. Her er det full fart opp i det tøffe klatrestativet. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.
Frå venstre ser ein Monica Grimstad, Maria Hovden, nestleiar Roy-Kenneth Husøy, leiar Leif-André Vik og Joachim Moldskred. Nokre til frå styret var ikkje til stades. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.