Det gamle huset var barndomsheimen til Anne Karin Vattøy Nygjerde, som er kona til Jarle. Ho budde på Vattøya til ho var to år i 1958, då vart huset fråflytta.

For ti år sidan søkte familien om å få rive gamlehuset og setje opp eit nytt.  Først for tre år sidan var byggeløyvet i boks.

- Det har vore ein lang prosess. Ulstein kommune har vore veldig positive heile vegen, men vi har møtt ein del motstand i fylkeskommunen. I tillegg vurderte Riksantikvaren å verne det gamle huset, fortel Jarle Nygjerde.

Materiale frakta med helikopter

Gamlehuset vart rive for tre år sidan. Tysdag denne veka vart alt som trengst for å bygge eit nytt hus frakta med helikopter frå Gåsneset til Vattøya.

- Det er ganske mykje planlegging som ligg bak, det er mykje logistikk. Vi måtte til dømes vente til 1. august med å bruke helikopter, på grunn av hekketida for fuglane, seier Nygjerde.

Den første dagen vart det sett opp fire veggar.  Det er Enerbygg i Ørsta som er byggherre, og målet er å ha ferdig råbygget til 1. september.

- Innreiinga skal vi gjere sjølv, fortel Jarle Nygjerde.

Ikkje straum

Det nye huset skal ha to etasjar og vere på 50 kvadratmeter.  Iføgje Nygjerde er målet å få det så likt som råd gamlehuset.

- Vi skal byggje oppatt i same stilen, ha same farge, fortel han.

Han er glad for at dei endeleg er i gang med bygginga.

Huset skal brukast som hytte.

- Det er ikkje straum på øya, så vi må basere oss på aggregat eller solceller.  Vatn har vi heldigvis i ein eigen brønn på eigedomen, seier Jarle Nygjerde.