Måndag 17. juli skal ei kvinne ha blitt overfallen og valdteken av tre ukjende menn då ho var ute på ein fjelltur åleine. Politiet vil ikkje ut med kvar ugjerninga skjedde, berre at det hende i ei lita bygda på Søre Sunnmøre.

På spørsmål frå Vikebladet Vestposten om kvinner heretter skal vere redde for å gå åleine på fjelltur, svarer Hjelmeseth slik:

– Vi meiner dei som står bak ugjerninga no sit varetektsfengsla, og det kjem dei til å bli i fire veker framover. Kvar og ein får vurdere sjølve kva dei føler er trygt. Men eg kan forstå at folk kjenner seg utrygge når slikt skjer.

Kan ikkje gå i detalj

Hjelmeseth vil heller ikkje svare på om det er mistanke om at valdtekta var planlagt.

– Eg kan ikkje gå i detaljar om noko. Det kan skade etterforskinga, forklarer han.

Frå Aust-Europa

Dei tre antekne gjerningsmennene, som alle er frå aust-Europa, var på frifot i eit døgn før dei vart huka inn og sett i varetektsfengsel i Ålesund. I tillegg til varetektsfengslinga i fire veker, har dei også fått brev- og besøksforbod i to veker.

Den eine av mennene skulle etter planen reise tilbake til heimlandet sitt den dagen han vart varetektsfengsla.

Ingen av dei tre mennene har vedgått ugjerninga, og dei har kome med til dels sprikande forklaringar.

Funn støttar forklaringa til kvinna

Kvinna klarte å kome seg fri, og ho vart sendt til overgrepsmottaket i Ålesund. Forklaringa hennar blir støtta av funn som er gjorde. Ho har også forklart at det var ei felleshandling mellom tre menn.

Har sett inn store ressursar

Politiet har sett inn store ressursar for å finne ut kva det var som skjedde, og har blant anna avhøyrt naboar, arbeidskollegaer og andre som har tilknyting til dei tre sikta mennene.

– Etterforskinga har styrka oss i trua på at det har skjedd eit alvorleg straffbart forhold, kommenterer Hjelmeseth.

Mette Ekroll Nyland er bistandsadvokat til kvinna. Ho uttaler til NRK Møre og Romsdal at kvinna har tatt overgrepet svært tungt, men at ho opplever stor støtte i bygda.