Sunnmøre tingrett har forlenga brev-og besøksforbodet til dei tre mennene som sit varetektsfengsla, mistenkte for valdtekt av ei kvinne på Søre Sunnmøre.

Sunnmøre tingrett har forlenga brev-og besøksforbodet til dei tre mennene som sit varetektsfengsla, mistenkte for valdtekt av ei kvinne på Søre Sunnmøre.

Dei tre sikta i valdtektssaka:

Brev- og besøksforbodet er forlenga

Sjølv om dei sikta motsette seg dette.

21. juli vart tre menn frå Aust-Europa varetektsfengsla, mistenkte for å ha valdteke ei kvinne under ein fjelltur på Søre Sunnmøre. Gruppevaldtekt:

Varetekstfengslinga gjeld for fire veker, fram til 18. august, og med brev- og besøksforbod dei to første vekene.

No har dei 14 dagane gått ut, og påtalemakta har bede retten om å forlenge brev- og besøksforbodet.

Dette har retten godkjent.

Sunnmøre tingrett meiner det er skjellig grunn til at dei tre sikta framleis kan mistenkast for ei braffbar handling som kan føre til høgare straff enn fengsel i seks månader. 

Ingen av dei har erkjent straffeskuld

- Retten konstaterer at politiet har gjort ei lang rekke etterforskingsskritt etter fengslingsmøtet 21. juli. Blant anna har den fornærma vore avhøyrt fleire gongar, og eit svært sentralt vitne har forklart seg i rettsleg avhøyr. Aktor understrekar imidlrtid at det står att mykje arbeid for å sikre bevis i denne alvorlege straffesaka. Som ein del av bakteppet viser aktor til at ingen av dei tre sikta har erkjent straffeskuld. Forklaringane deira stemmer ikkje overeins med fornærma si forklaring på vesentlege punkt. Det er ikkje klarlagt kva roller dei tre sikta har inntatt under overgrepet. Vidare gjekk det over eit døgn frå overgrepet før to av dei sikta vart pågripne, og det den tredje gjekk det ytterlegare eit døgn. Dei sikta har derfor hatt tid og høve til å konakte mange, heiter det i kjennelsen frå Sunnmøre tingrett.

Forstår at folk er redde:

Fryktar at bevis kan gå til spille

Aktor, Elin Anja Drønnen, har også lagt vekt å at det gjenstår avhøyr av arbeidskollegaer til dei sikta, og at telefonane deira heller ikkje er gjennomgådde.

For at bevis ikkje skal gå til spille, meiner retten det er viktig at brev- og besøksperioden blir forlenga.

Risikerer lange fengselsstraffer

Dei sikta risikerer lange fengselsstraffer om dei blir domfelte, og slik retten ser det, er det ein nærliggande og reell fare for at dei vil prøve å påverke vitne dersom restriksjonane fell bort.

Aktor vil informere pårørande til dei sikta

Dei tre motsette seg altså vidare brev- og besøksforbod, og viste mellom anna til at dei ikkje hadde fått informere pårørande i heimlandet sitt om situasjonen dei var komne opp i.

Aktor lova at ho ville finne ut om dei pårørande var varsla om varetektsfengslinga, og dersom dei ikkje var underretta, ville ho sørge for at dei vart det.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: