Dei fleste har nok fått med seg at den nyslåtte verdsmeistern frå Dimna er komen heim til Norge. Og han har også teke seg tid til å sitje på utekafe i Oslo saman med ein vennegjeng. Og der, tilsynelatande utan at Karsten Warholm ante noko om det, dukka kulturminister Linda Hofstad Helleland opp med ein blomsterbukett i handa, og noko anna på lur i veska. Sjå videoen:

- Vi er skikkeleg stolte over prestasjonen din, og vi kjem til å følgje deg med stor interesse framover sa Hofstad Helleland, og overreke blomsterbuketten.

- Har du laga han sjølv, spurde Warholm, og la til når Helleland svara at ho hadde fått hjelp: - Ja, det er sikkert det beste!

- Men kulturministeren hadde meir på luringen. Eit helsingskort frå statsministeren der det stod at Erna beklaga at ho ikkje hadde tid til å kome til å kom for å gratulere han.

- Ho får kome til Ulsteinvik ho då. Kva skal eg gjere for at Erna får tid til  å helse på meg? smilte Karsten lurt.

Opp av veska si drog kulturministeren ein plastpose "med noko opp i".

- Store prestasjonar brukar ofte å bli feira med champagne, men eg synest ikkje det passar så godt til deg, sa Helleland. Og fekk støtte frå Warholm.

Ut av posen dukka det ei 1,5 liters flaske med ananasbrus frå Sylte.

- Nei, har dei slikt i Oslo, det visste eg ikkje smilte verdsmeisteren, som sa han gledde seg til å drikke ananasbrusa.